Likesæle

Ein kan vel ikkje dølje
kva synet har til følgje.
Så kva du ser med brille
kan vere veldig ille.
Og kva du ser med kikkert
er vanlegvis meir sikkert.
Men best er det å kike,
og avsky eller like!
Då krevjast der eit auge
som berre veit å hauge.