I startgropa

Når ikkje han får til eit dikt
så gret han, Lille Anders, sårt,
når det å gjere som han vil
er vanskeleg, når det er klårt.

Då vender han seg sårt til Gud
og viser at no går det trått
på vegen for det lille bud.
Og straks har Lille Anders fått!