Draumen

Ein draum vert laga for ein kvar
for at den skal gje liv og lyst.
Ved flaks skal lønast mor og far
og ikkje ved effekt av bryst.

Ved flaks er premie å få,
ved flaks er retta ivrig sinn,
ved flaks er jakt å tenkje på,
og nøgd er den som skatten finn!

Og samfunnet gjev drøymen liv
ved velstanden den rike har,
som ikkje lenger er i driv
men som er vorte eksemplar.