Avgjerda

Mannen har makt til å avgjere.
Sakene mannen vil ting-ære
ved å forvandle til substantiv
kva som for kvinna er adjektiv.

Som eg i dette dikt stadfester.
Høyr, kor det regelrett domknester!
Møyane elskar den eigenskap,
berre den ikkje er toskeskap.